Lov
Nynorsk
§ 40 a. Lovbrotsgebyr
Lovbrotsgebyr
(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova kan påleggje lovbrotsgebyr til den som med vilje eller aktløyse bryt føresegner fastsette i medhald av denne lova. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket. Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person. Med føretak er her meint selskap, enkeltpersonføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd.
(2) Departementet kan gje forskrift om kva for brot på reglar som er gjevne i medhald av denne lova, som skal kunne føre til lovbrotsgebyr. Departementet kan òg gje forskrift om fastsetjing og gjennomføring av pålegg om lovbrotsgebyr, reglar om betalingsfristar, gebyrets størrelse, rente og tilleggsgebyr dersom eit lovbrotsgebyr ikkje blir betalt ved forfall, og om at også andre enn den som er pålagd gebyret, er ansvarleg for at det blir betalt.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010, men slik at lovbrotsgebyr berre kan påleggjast for brot på § 38 som har skjedd etter 1 jan 2010), endra ved lover 21 juni 2019 nr. 67 (ikr. 1 juli 2019), 26 mai 2023 nr. 16 (i kraft 1 mars 2024 iflg. res. 2 feb 2024 nr. 153).
Sammenheng
Koblinger for § 40 a i yrkestransportlova.