Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9 d. Drosjesentralen sine plikter til å samle inn, lagre og sende inn informasjon

Yrkestransportlova·Kapittel 2. Løyve·Sist endret 1. januar 2026

Drosjesentralen sine plikter til å samle inn, lagre og sende inn informasjon

(1) Drosjesentralen skal ha opplysningar om: a) løyvehavarar som er knytte til sentralen, b) sjåførar som er tilsette hos tilslutta løyvehavarar, c) drosjer som er knytte til sentralen og registreringsnummeret på drosjene, d) taksameter som er installert i drosja, inkludert serienummer, e) talet på drosjer som til kvar tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område drosjene dekker, f) dei drosjene dei tilknytte løyvehavarane disponerer som er tilpassa personar med nedsett funksjonsevne. (2) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for drosjeturar som drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde ledd. Sentralen skal lagre opplysningane i 60 dagar. (3) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert kravde med heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen. Sentralen skal lagre opplysningane i fem år etter slutten av rekneskapsåret. (4) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre pris for drosjetransport i område der det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen. (5) Drosjesentralen sine administrative system skal årleg gjennomgå ein systemrevisjon for å sikre datatryggleik og datakvalitet. Systemrevisjonen skal dokumenterast gjennom ei uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifiseringsordning. (6) Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som følgjer av første til femte ledd. (7) Opplysningar som er nemnde i første til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege for styresmaktene på det formatet dei krev.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9c). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåYrkestransportlova § 9 første leddreferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 9 d i yrkestransportlova.

Les hele loven i sammenheng →