Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9. Løyve for persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute

Yrkestransportlova·Kapittel 2. Løyve·Sist endret 1. januar 2026

Løyve for persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute

(1) Den som mot vederlag, og med mål om forteneste, vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande. Løyveplikt gjeld òg for den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter tredje punktum gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje har mål om forteneste. (2) Den som har løyve etter denne føresegna, skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar kan ikkje vere knytt til meir enn ein sentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å oppfylle pliktene etter §§ 9 d til 9 e i denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i taksameter hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift. (3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at drosjekøyring innanfor ein kommune skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på minst fire år for å oppfylle krava. Løyvestyresmakta fastset forskrift om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp. (4) Den som har løyve etter denne føresegna, skal loggføre kvar drosjetur med start og sluttpunkt med ein modul med satellittbasert kommunikasjonssystem (GNSS) til løpande registrering og logging av den geografiske posisjonen til drosja. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar. Departmentet kan gje nærare reglar om loggføring i forskrift. (5) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt, herunder krav til taksameter eller andre kontrollutrustningar, når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen. (6) Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane for kontrollutrustningar mv. vert følgde.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 juli 2013), 24 mars 2017 nr. 11, 15 des 2017 nr. 111, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 18 des 2020 nr. 161 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2877), 26 mai 2023 nr. 16 (i kraft 1 juni 2023 iflg res. 26 mai 2023 nr. 730), 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, gjeld andre ledd første, andre og tredje setning). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 9 dYrkestransportlova § 9 ereferert av 16

Sammenheng

Se også3
Referert av16

Koblinger for § 9 i yrkestransportlova.

Les hele loven i sammenheng →