Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 33. Transportvedtekter

Yrkestransportlova·Kapittel 6. Sams føresegner

Transportvedtekter

(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportvedtekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport. (2) Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato. Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta. (3) Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter. (4) Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep. (5) Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.

Departementet kan fastsette regler for transportvedtekter og tilleggsavgift ved manglende billett. Kontrollører kan i visse tilfeller holde tilbake passasjerer som ikke har gyldig billett eller betaler avgiften, så fremt personen ikke oppgir navn, adresse og fødselsdato.AI

referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Referert av1

Koblinger for § 33 i yrkestransportlova.

Les hele loven i sammenheng →