Forskrift
§ 10-1. Lovbrotsgebyr
Lovbrotsgebyr
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:
-) kapittel 3 om oppstart
-) §§ 4-6 og 4-7 om rapportering av elevtal for grunnskolane og vidaregåande skolar
-) kapittel 5 om skolepengar
-) kapittel 6 om bruk av statstilskot m.m.
-) kapittel 8 om rekneskap, revisjon og dokumentasjon, med unntak av § 8-4 om særskilde fråsegner frå revisor
-) kapittel 9 om krav ved nedlegging av skoledrifta.
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.
Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).
Departementet kan gi private skoler gebyr dersom skolen eller deres representanter bevisst eller uaktsomt bryter bestemte regler. Gebyret kan i tillegg påvirkes av brudd på andre lover som svekker tilliten til skolen.AI
Noter (1)
- EndringTilføyd ved forskrift 18 mai 2026 nr. 831.
Se ogsåØkonomiforskrift til privatskolelova § 4-6Økonomiforskrift til privatskolelova § 4-7Økonomiforskrift til privatskolelova § 8-4
Sammenheng
Se også3
Endringshistorikk1
Koblinger for § 10-1 i økonomiforskrift-til-privatskolelova.