Forskrift om tomtefeste m.m.
I kraft fra: 2002-01-01
Kapittel I. Festeavgift
§ 1 . (Regulering av festeavgift)
Når festeavgift skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. I festehøve frå før 1865 skal ein regulere festeavgifta ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.
§ 2 . (Innkrevjing av festeavgift på grunnlag av eldre festeavtaler)
For tida fram til festeavgifta i det einskilde festehøvet første gong er blitt regulert etter lov av 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 15, kan det ikkje krevjast inn ei høgare festeavgift enn den som lovleg kunne krevjast inn då lova blei sett i kraft. Dersom beløpet som kan krevjast inn etter første punktum, er lågare enn den festeavgifta som er fastsett i festehøvet, kan bortfestaren kvart år justere beløpet opp i samsvar med endringa i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå.
Kapittel II. Innløysing av festetomt
§ 3 . (Samtykke til innløysing)
Retten som Kongen har til å gje samtykke til innløysing etter tomtefestelova § 32 og § 33 blir lagt til fylkesmannen. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå samtykke til innløysing.
Søknaden om innløysing skal sendast til fylkesmannen, som vurderer om det trengst konsesjon eller fråsegn frå landbruksstyresmaktene om delingsforbodet etter § 12 i jordlova, og om det bør hentast inn fråsegn frå plan- og bygningsstyresmakta eller andre organ. Fylkesmannen innhentar fråsegn frå bortfestaren og sender saka til vedkomande styresmakter som skal gje fråsegn.
§ 4 . (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til familie- eller kombinasjonsbruk)
det landbruksarealet som høyrer til eigedomen, med tillegg av rettar og lunnende, ikkje er vesentleg større enn det som trengst for å gje eigaren (brukaren) med huslyd trygge økonomiske kår, og eigedomen ikkje er mindre enn at det den kastar av seg som jord-, skog- eller hagebruk, gjev eit tilskot å rekne med for levekåra til eigaren (brukaren) med huslyd, og eigedomen blir driven som sjølvstendig eining innan landbruket, eller – dersom gardsdrifta til så lenge er nedlagt eller jorda er leigt bort – det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att som sjølvstendig eining før det er gått 5 år frå gardsdrifta blei nedlagt eller jorda blei leigt bort.
Festeareal som høyrer til bruket blir rekna å utgjere ein turvande del av inntektsgrunnlaget etter tomtefestelova § 33 når festeinntektene til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk.
§ 5 . (Kva som skal følgje med ved innløysing i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan og ved punktfeste)
I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 36 femte leddet kan fylkesmannen avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Fylkesmannen kan heilt eller delvis overlate til skjønnsretten å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som fylkesmannen har gjort.
grunndisponering som er fastsett i plan for område, skyldnader som festarane har vorte pålagde eller kan påleggjast til opparbeiding eller vedlikehald av fellesanlegg eller til gjennomføring av andre felles tiltak, og rådvaldsband over tomtearealet som følgjer av det tidlegare rettshøvet.
For fylkesmannens sakshandsaming før han treffer avgjerd etter første leddet første punktum eller overlet saka til skjønnsretten etter første leddet andre punktum, gjeld § 3 andre leddet tilsvarande. Kommunen der området ligg skal varslast til skjønn som blir halde etter første leddet andre punktum og har rett til å møte. Einkvar som har festerett til tomt i planområdet, har rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd eller søkt om samtykke til innløysing.
§ 6 . (Om utsetjing av avgjerd om innløysing)
Før fylkesmannen fastset kva som skal følgje med ved innløysing av tomt i eit område der tomter er festa bort etter ein samla plan, skal han søkje å klarleggje om også andre festarar i området vil be om at fylkesmannen fastset kva som skal følgje med ved ei innløysing. I så fall skal alle sakene så langt råd er takast opp og avgjerast under eitt. Avgjerda kan utsetjast i inntil ti år dersom omsynet til sams førehaving gjer dette turvande, men ikkje lenger enn fem år utan at det ligg føre særlege grunnar.
Fylkesmannen kan innan same perioden også utsetje avgjerder som gjeld samtykke til innløysing av tomter innan området. Festeretten står i alle høve ved lag så lenge søknad om innløysing ikkje er endeleg avgjort.
§ 7 . (Kapitaliseringsrente)
Ved fastsetjing av innløysingssum etter tomtefestelova § 36 første leddet skal det leggjast til grunn ei rente på 5% når ein skal finne kapitalverdien.
Kapittel III. Regulering og avløysing av terminvis betaling etter avhendingslova § 2-10
§ 8 . (Regulering av terminvis pengesum)
Regulering i samsvar med endringa i pengeverdien av den terminvise pengesummen etter avhendingslova § 2-10 første leddet, jf. tredje leddet, skal skje etter føresegnene i § 1.
§ 9 . (Avløysing av terminvis betaling)
Ved fastsetjing av avløysingssum etter avhendingslova § 2-10 andre leddet, jf. tredje leddet, skal det leggjast til grunn ei rente på 5% når ein skal finne kapitalverdien.
Kapittel IV. Ikraftsetjing m.m.
§ 10 . (Ikraftsetjing. Oppheving av forskrifter.)
Forskrifta her tek til å gjelde 1. januar 2002. Frå same tid held forskrift av 5. desember 1986 nr. 2166 om innløysing av festetomter til bustadhus og fritidshus opp å gjelde, med dei unntaka som følgjer av tomtefestelova § 44 tredje leddet. Forskrift av 21. desember 1990 nr. 1023 om forhøyelse av festeavgifter opphevast også frå same dato.