Hopp til innhold
Forskriftsendring
Justis- og politidepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tomtefeste m.m.

LTI/forskrift/2005-06-24-675·Kunngjort 24. juni 2005·Journalnr. 2005-0623

I kraft fra: 2005-06-24

I

I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir det gjort følgjande endringar:

Kapittel II overskrifta til skal lyde:

§ 4 skal lyde:

eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15.000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet.

Om næringsdrifta som jord-, skog- eller hagebruk er nedlagt, eller all jord og skog i drift er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, gjeld første ledd berre dersom det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått fem år frå drifta blei nedlagt eller jorda og skogen blei leigt bort. I så fall skal driftsresultatet etter første ledd bokstav c reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den, ut frå dei tre seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for.

gartneridrift, dyrking av blomar og andre plantevekstar på friland eller under glas, plast og liknande, og dessutan tiltrekking av plantar, pelsdyrnæring, avl og oppdrett til to års alder av hest, og oppstalling av hest, når dette skjer ved utnytting av landbrukseigedomens produksjonsmidlar og hovudsakeleg eigeprodusert fôr, bihald, sagbruk som drivast på eigen gardssag i samband med trevirkeproduksjon frå eiga skog, dersom sagbruksverksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring, utnytting og bortleige av jakt- og fiskerettar i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, uttak av jord, sand, stein og torv i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, sanking av bær, konglar, mose, tang, tare og liknande i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, og utføring av tenester for andre med monalege driftsmiddel som hovudsakleg blir nytta i eige jord-, skog- eller hagebruk, eller utleige av slike driftsmiddel, dersom verksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring.

Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.

§ 7 skal lyde:

Høvet som Kongen har etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 36 andre ledd til å gje oppreising ved orsakande oversitjing av fristen for å krevje innløysing eller lenging, blir lagt til fylkesmannen. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå oppreising.

II

Endringane tar til å gjelde straks.

Endringane i § 4 og § 7 skal berre gjelde der krav om innløysing eller lenging er eller blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døydde eller døyr 1. november 2004 eller seinare.

I dei høva som fell under føregående ledd gjeld endringane i § 4 likevel ikkje hvis kravet før forskrifta her trer i kraft er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd, og endringane i § 7 gjeld ikkje for søknad som er avgjort av Kongen før forskrifta her trer i kraft.