Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)
I kraft fra: 2016-08-01
I
I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova) blir det gjort følgjande endringar:
§ 3 andre og tredje ledd skal lyde:
Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter friskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen skal ikkje innehalde transaksjonar som ikkje vedkjem skoledrifta, jf. friskolelova § 2-2 første ledd første punktum. Rekneskapen kan likevel innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. § 4A. Skoledrifta etter friskolelova og tilleggsverksemd skal førast på eigne avdelingar. Ein rekneskap som blir ført ved å bruke fleire avdelingar, skal vise interne transaksjonar. Desse transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumentert.
Årsrekneskap, årsberetning, jf. rekneskapslova § 3-1, og revisjonsberetning skal sendast utan oppmoding til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 4A, skal skolen også sende inn avdelingsrekneskap.
§ 4 skal lyde:
Spesifisering av offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa må vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga. Skolepengesatsane. Kva formål investeringsfondet, jf. kapittel 5, skal nyttast til, og korleis grunnlaget for fondsavsetning er rekna ut. Dersom skolen har brukt av fondsmidlane, skal det stå kva midlane er brukte til i note til rekneskapen. Dersom skolen vil bruke fondsmidlane til eit anna investeringsformål knytt til skoledrifta enn det som opphavleg var vedteke, skal dette omtalast i note. Spesifisering av handel med eigarane til skolen eller deira nærståande. Spesifiseringa må vise kven skolen handlar med, kva slags vare eller teneste som er kjøpt og totalbeløpa for dei ulike varene og tenestene.
Driv skolen tilleggsverksemd etter § 4A, skal det i note til årsrekneskapen givast særskild opplysning om avdelingsvis fordeling av fellesutgifter.
Ny § 4A skal lyde:
skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen internat for elevar ved skolen utleige av tenestebustader ved internatet for tilsette i skolen og utleige til andre i skoleferien tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, og utleige av lokale til slik verksemd utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda utleige av skolelokala utanfor skoletida praksisopplæring gjennom deltaking i lærarutdanninga lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen deltaking i offentleg initierte tiltak og statlege satsingar knytte til skoleverksemd tilrettelegging av skoleskyss for elevar ved skolen tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet.
Departementet kan etter søknad godkjenne at ein skole driv anna tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Ein søknad om godkjenning må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta, jf. § 2 andre ledd.
Alle inntekter frå tilleggsverksemd skal kome elevane til gode. Skolen kan ikkje gi utbyte eller på anna måte overføre overskot frå slike inntekter til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd.
§ 5 nye tredje og fjerde ledd skal lyde:
Alle inntekter frå skoleverksemd skal kome elevane til gode. Skolen kan ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot frå slike inntekter til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd.
Styret skal sjå til at all handel med eigarane eller deira nærståande er gjord på marknadsmessige vilkår. Styret skal gjere vedtak om at handelen kjem elevane til gode, under dette at det er ein rasjonell måte å skaffe vara eller tenesta på. Styrevedtaket skal så langt som mogleg dokumenterast med prisar og andre vilkår frå uavhengige tilbydarar. Krava til styrevedtak og dokumentasjon gjeld ikkje for ubetydelege totalbeløp for ein type vare eller teneste.
§ 13 skal lyde
Statstilskot skal reknast ut på grunnlag av talet på fulltidselever som har følgt skolens godkjende opplæring, jf. friskolelova § 2-3.
Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om til fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast.
Kva som meinast med fulltidselev og deltidselev er fastsette i forskrift til friskolelova § 11-8.
II
Endringane blir sette i kraft 1. august 2016.