Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

LTI/forskrift/2025-09-07-1787·Kunngjort 8. september 2025·Journalnr. 2025-1156

I kraft fra: 2026-01-01

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 9-16 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.

I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36–§ 9-38. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

§ 9-16 sjette ledd blir femte ledd, sjuande ledd blir sjette ledd.

§ 9-28 andre ledd skal lyde:

Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.

§ 9-33 tredje ledd skal lyde:

Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

§ 15-20 skal lyde:

Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for grunnskolen i § 9-28. Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for vidaregåande skole i § 9-28. Reglane i § 9-28 gjeld elles for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar. Reglane gjeld også for læreplanar i modular.

II

I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 6-16 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.

I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 4-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 6-35–§ 6-37. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

§ 6-16 sjette ledd blir femte ledd, sjuande ledd blir sjette ledd.

§ 6-28 andre ledd skal lyde:

Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.

§ 6-33 tredje ledd skal lyde:

Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om skolen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

III

Endringane blir sette i verk 1. januar 2026.