Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

LTI/forskrift/2026-06-22-1184·Kunngjort 23. juni 2026·Journalnr. 2026-0764

I kraft fra: 2026-06-22

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 4-2 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått.

§ 9-46 andre ledd skal lyde:

dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9 dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10 dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23 dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49 dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.

§ 9-48 andre ledd skal lyde:

dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9 dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10 dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23 dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49 dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40 dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.

§ 9-52 fjerde ledd skal lyde:

Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

§ 9-66 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:

Den gjeld heller ikkje der ein lærekandidat eller praksisbrevkandidat får godkjent forlenga eller ny opplæringskontrakt.

§ 13-6 andre ledd skal lyde:

Reglane i § 6-3, § 6-4 og § 7-2 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.

§ 15-5 andre ledd andre punktum skal lyde:

Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk, samisk eller norsk teiknspråk.

II

I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-2 femte ledd nytt andre punktum skal lyde:

Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått og skal reknast som søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram.

§ 6-45 andre ledd skal lyde:

dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 4-6 dei om er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 4-6 dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 6-19 eller § 6-21 til § 6-23 dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 6-47 dei som har fått dispensasjon etter § 6-10 eller § 6-39.

§ 6-49 fjerde ledd skal lyde:

Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 3-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

III

Endringane blir sette i verk straks.