Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

LTI/forskrift/2026-06-22-1213·Kunngjort 23. juni 2026·Journalnr. 2026-0770

I kraft fra: 2026-08-01

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 9-9 femte ledd skal lyde:

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 9 i denne forskrifta.

§ 23-9 blir oppheva.

II

I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endring:

§ 6-9 femte ledd skal lyde:

Skolen skal dokumentere fråvær kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 6 i denne forskrifta.

III

Endringane blir sette i verk 1. august 2026.