Forskrift
Nynorsk
§ 13. Internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga
Internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga
Kommunar og fylkeskommunar skal ha internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga etter reglane i kommuneloven § 25-1.
Den øvste leiinga i andre organ som er omfatta av lova har ansvar for at det blir ført internkontroll med at dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda, blir forvalta etter arkivlova med forskrifter. Organet skal løpande vurdere om det er risiko for brot på reglane og setje i verk dei tiltaka som trengst for å redusere risikoen til eit forsvarleg nivå. Organet skal særleg vurdere risiko ved vedlikehald av digitale arkiv, jf. § 7 og risiko ved destruksjon av analoge arkiv etter konvertering, jf. § 18. Dokumentasjonsplanen skal leggjast fram for den øvste leiinga i organet som ein del av internkontrollen minst éin gong i året.
Kommunar, fylkeskommunar og andre organ skal ha internkontroll for å sikre at dokumentasjon blir forvalta etter reglane. Organa må vurdere risikoen for regelbrot og gjere tiltak for å redusere denne risikoen.AI
Se ogsåKommuneloven § 25-1Arkivforskrifta § 7Arkivforskrifta § 18
Sammenheng
Koblinger for § 13 i arkivforskrifta.