Forskrift
Nynorsk
§ 7. Vedlikehald av digitale arkiv
Vedlikehald av digitale arkiv
Eit organ skal halde dokumentasjonen i digitale arkiv ved like, slik at informasjonen er sikra og forvalta i tråd med arkivlova § 5.
Dersom det er påkravd å flytte dokumentasjon til nye lagringsmedium, konvertere dokumentasjon til nye digitale format, ta i bruk nye applikasjonar og standardar for strukturering og utveksling av informasjon eller liknande, skal organet syte for at informasjonen ikkje tapar seg. Organet skal mellom anna sikre at
a) informasjon som i utgangspunktet var leseleg for menneske, framleis er leseleg for menneske etter vedlikehaldet
b) informasjon som i utgangspunktet var maskinleseleg, framleis er maskinleseleg etter vedlikehaldet
c) metadata som viser opphavet til informasjonen, og korleis sakshandsaminga og oppgåveløysinga har foregått, ikkje blir borte eller forringa
d) eigenskapar ved dokumentasjonen som gjer søk, kopling og samanstilling mogleg, blir oppretthaldne.
Offentlige organer må vedlikeholde digitale arkiv slik at informasjonen er sikret. Ved flytting til nye systemer eller formater må man sørge for at ingen opplysninger går tapt, og at dokumentene fortsatt kan leses og søkes i.AI
Se ogsåArkivlova § 5referert av 1 →
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 7 i arkivforskrifta.