Forskrift
Nynorsk
§ 6. Krav til skildringar av informasjonssystem
Krav til skildringar av informasjonssystem
Organ skal ha skildringar av informasjonssystem som inneheld dokumentasjon som skal forvaltast som arkiv. Skildringane skal vise
a) kva slags typar dokumentasjon som er lagra i systemet
b) kva som er opphavet og historikken til dokumentasjonen
c) korleis systemet er sikra mot utilsikta eller ikkje dokumenterte endringar
d) kva prosedyrar som er etablerte for å registrere og forvalte dokumentasjon i delvis analoge informasjonssystem.
Dersom eit informasjonssystem inneheld dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida, skal skildringane òg innehalde ei oversikt over informasjonsstrukturen i systemet.
Offentlige organer må ha beskrivelser av informasjonssystemer som inneholder arkivdokumentasjon. Beskrivelsene skal forklare hva slags dokumentasjon som lagres, hvor den kommer fra, hvordan den sikres mot endringer og hvordan analog dokumentasjon håndteres.AI
Sammenheng
Koblinger for § 6 i arkivforskrifta.