Forskrift
Nynorsk
§ 5. Krav til informasjonssystem
Krav til informasjonssystem
Informasjonssystem som inneheld dokumentasjon som skal forvaltast som arkiv, skal ha funksjonar som gjer at informasjonen blir sikra og forvalta i tråd med arkivlova § 5 første ledd.
Eit organ som bruker system som er nemnde i første ledd, skal syte for at systema har funksjonar som
a) gjer at informasjonen har naudsynte metadata om opphavet til informasjonen og samanhengen han inngår i
b) vernar informasjonen mot ikkje-autoriserte endringar
c) sporar endringar
d) gjer at dokumentasjonen kan bli eksportert på ein kontrollert, systematisk og etterprøvbar måte
e) gjer at dokumentasjon som ikkje skal takast vare på for ettertida, kan bli kassert på ein kontrollert, systematisk og etterprøvbar måte
f) gjer det mogleg for organ, med enkle framgangsmåtar, å finne fram til og hente ut dokumentasjon for eigne behov og for å gi innsyn etter offentleglova, forvaltningsloven eller anna lov
g) gjer at metadata som skal registrerast saman med saksdokument etter § 15, kan hentast ut til ein journal.
Informasjonssystem som blir brukt til arkivering skal sikre at dokumentasjonen blir forvalta korrekt. Systema må ha funksjonar for kontroll, sporing, sletting og uthenting av informasjon.AI
Sammenheng
Koblinger for § 5 i arkivforskrifta.