Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 15. Kva metadata som skal registrerast om eit saksdokument i ein journal

Arkivforskrifta·Kapittel 2. Journalføring

Kva metadata som skal registrerast om eit saksdokument i ein journal

Eit organ som skal føre journal etter § 14 første ledd første punktum, skal løpande registrere følgjande metadata om alle saksdokument som er journalføringspliktige: a) identifikator som gir dokumentet eit unikt kjenneteikn som kan lesast av menneske b) informasjon om konteksten dokumentet blir brukt i, og kva andre dokument det høyrer saman med c) ein tittel eller andre metadata som viser kva dokumentet gjeld d) namnet på sendaren eller mottakaren av dokumentet e) datoen på dokumentet eller datoen som viser når dokumentet blei sendt eller motteke f) tidspunktet for registreringa. Organet skal gjere journalen tilgjengeleg for offentleg innsyn etter reglane i offentleglova. Organet kan gjere unntak frå innsyn i opplysningar i journalen dersom det ikkje er mogleg å registrere eit dokument utan at det kjem fram opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt, eller som allmenta elles ikkje kan krevje innsyn i. Organet kan gjere unntak for ei heil journalregistrering berre når det trengst for ikkje å røpe opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Offentlige organer skal registrere spesifikk informasjon om dokumenter i en journal. Journalen skal være åpen for offentlig innsyn, med mindre opplysningene er hemmelige etter loven.AI

Se ogsåArkivforskrifta § 14referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 15 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →