Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 14. Kva dokument som skal registrerast i journal

Arkivforskrifta·Kapittel 2. Journalføring

Kva dokument som skal registrerast i journal

Eit organ skal føre journal for å leggje til rette for offentleg innsyn. I journalen skal organet registrere alle inngåande og utgåande dokument som etter offentleglova § 4 må reknast som saksdokument for organet, dersom dei er eller blir sakshandsama og har verdi som stadfesting av dei tilhøva dei gjeld. Organinterne dokument etter offentleglova § 14 skal organet registrere i journalen så langt organet finn det tenleg. Desse organinterne dokumenta skal likevel alltid journalførast: a) dokument som er omtalte i offentleglova § 14 andre ledd b) dokument som er omtalte i offentleglova § 16 første ledd bokstav a til d, § 16 andre ledd og § 16 tredje ledd første punktum c) dokument som er omtalte i offentlegforskrifta § 8. Dokument i saker om innsyn er ikkje omfatta av journalføringsplikta med mindre dokumenta gjeld eller inneheld ei nærare grunngjeving, ein klage, eit krav om betaling for innsyn eller eit spørsmål om korleis innsyn skal givast.

Offentlige organer skal føre journal over innkommende og utgående saksdokumenter for å sikre innsyn. Enkelte interne dokumenter skal også registreres, mens dokumenter i innsynssaker som hovedregel ikke skal journalføres.AI

Se ogsåOffentleglova § 4Offentleglova § 14Offentleglova § 16Offentlegforskrifta § 8referert av 1

Sammenheng

Se også4
Referert av1

Koblinger for § 14 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →