Lov
Nynorsk
§ 16. Innsyn i interne dokument hos kommunane og fylkeskommunane
Innsyn i interne dokument hos kommunane og fylkeskommunane
Unntaka i §§ 14 og 15 gjeld ikkje:
a) saksframlegg med vedlegg til eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalt organ,
b) sakliste til møte i folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar,
c) dokument frå eller til kommunale og fylkeskommunale kontrollutval, revisjonsorgan og klagenemnder, og
d) dokument i saker der ei kommunal eller fylkeskommunal eining opptrer som ekstern part i høve til ei anna slik eining.
§ 14 gjeld likevel for dokument som blir utveksla mellom kommunale og fylkeskommunale kontrollutval og sekretariatet til utvalet. For kommunar og fylkeskommunar med parlamentarisk styreform gjeld §§ 14 og 15 likevel for saksframlegg med vedlegg og sakliste til førebuande møte i kommuneråd og fylkesråd der ein ikkje skal gjere vedtak eller leggje fram innstilling. §§ 14 og 15 gjeld også for dokument som eit folkevalt organ har kravd innsyn i etter kommuneloven § 11-13.
Unntaket i § 14 gjeld ikkje for dokument frå eller til eit kommunalt eller fylkeskommunalt særlovsorgan eller eit kommunalt eller fylkeskommunalt føretak etter kommuneloven kapittel 9.
Unntaket i § 14 gjeld heller ikkje for dokument frå eller til ei kommunal eller fylkeskommunal eining på område der einingane har sjølvstendig avgjerdsrett. Unntaket i § 14 gjeld likevel for dokument i saker der administrasjonssjefen eller kommunerådet gjennomfører kontrolltiltak overfor ei eining, og for utkast til vedtak og innstillingar som blir lagde fram for administrasjonssjefen eller kommunerådet før det blir gjort vedtak, eller før ei innstilling blir lagd fram for eit folkevalt organ. Unntaket i § 14 gjeld også for merknader frå administrasjonssjefen eller kommunerådet til slike utkast som er nemnde i førre punktum.
Reglene om unntak for interne dokumenter gjelder i utgangspunktet ikke for saksframlegg, saklister og dokumenter til og fra folkevalgte organer, kontrollutvalg og klagenemnder i kommuner og fylkeskommuner.AI
Endret 21. april 2017 · i kraft 21. april 2017
Endringshistorikk (2)
- 21. april 2017Endringslov til anskaffelsesloven m.m.
- 19. juni 2015Endringslov til offentleglova
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 19 juni 2015 nr. 64, 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).
Se ogsåOffentleglova § 14Offentleglova § 15Kommuneloven § 11-13 første leddomtalt i 4 kilder →referert av 1 →
Sammenheng
Nevnt i4
- Lovvedtak 81 (2017–2018)Vedtak til lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)
- Innst. 285 S (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Lovvedtak 80 (2014–2015)Vedtak til lov om endringer i lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
- Innst. 320 L (2014–2015)Innstilling fra justiskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingjerd Schou, Helge André Njåstad, Geir S. Toskedal, Ola Elvestuen og Jorodd Asphjell om endring av offentleglova (unnta fra innsynsretten byrådsnotater og drøftingsdokumenter til byrådskonferanser og forberedende byråd i kommuner/fylkeskommuner med parlamentarisk styreform)
Endringshistorikk2
Koblinger for § 16 i offentleglova.