Definisjonar
Med dokument er meint ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lytting, framsyning, overføring eller liknande.
Saksdokument for organet er dokument som er komne inn til eller lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta, og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet. Eit dokument er oppretta når det er sendt ut av organet. Dersom dette ikkje skjer, skal dokumentet reknast som oppretta når det er ferdigstilt.
Følgjande skal ikkje reknast som saksdokument for organet:
a) dokument som inngår i bibliotek- eller museumssamling,
b) dokument som private har overlate til offentleg arkiv for bevaring,
c) dokument som er overlate til eit organ for offentleggjering i periodisk skrift som blir gitt ut av organet,
d) avis, tidsskrift, reklamemateriell og liknande som organet mottek utan at det er knytt til ei bestemt sak i organet, og
e) dokument som ein medarbeidar i organet har motteke i annan eigenskap enn som tilsett i organet.
Omgrepet organ femner i lova her om alle verksemder som lova gjeld for.
Bestemmelsen forklarer hva som regnes som et dokument og et saksdokument for et offentlig organ. Den setter også opp regler for hva som ikke regnes som saksdokumenter.AI
Sammenheng
Referert av4
Nevnt i6
- Lovvedtak 79 (2024–2025)Vedtak til lov om dokumentasjon og arkiv (arkivlova)
- Innst. 512 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra Stortingets presidentskap
- Innst. 304 L (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra familie- og kulturkomiteen
- Innst. 41 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget frå kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Innst. 41 L (2024–2025)Innstilling til Stortinget frå kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Innst. 396 S (2018–2019)Innstilling til Stortinget fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
Koblinger for § 4 i offentleglova.