Definisjonar
I lova her gjeld følgjande definisjonar:
a) arkiv: dokumentasjon som skal takast vare på i eit avgrensa tidsrom eller for ettertida
b) avlevere: overføre arkiv til langtidsbevaring i ein bevaringsinstitusjon, med den følgja at råderetten går over til bevaringsinstitusjonen
c) bevaringsinstitusjon: institusjon eller organisatorisk eining som tek imot og har ansvar for å langtidsbevare arkiva og gjere dei tilgjengelege for bruk
d) deponere: overføre arkiv mellombels til ein bevaringsinstitusjon, der organ held fram med å ha råderetten over arkiva sine og arkiveigarar held fram med å ha eigedomsretten til privatarkiva sine
e) dokumentasjon: dokument som nemnt i offentleglova § 4 første ledd og annan informasjon som organet sjølv har lagra i informasjonssystema sine, og som gjeld sakshandsaminga, oppgåveløysinga eller andre vesentlege tilhøve ved verksemda
f) informasjonssystem: eit system for å organisere og handtere informasjon
g) kassere: å gjere til inkjes dokumentasjon slik at han ikkje lenger finst
h) organ: verksemder som lova gjeld for, utanom rettssubjekt som berre er omfatta av kapittel 3
i) privatarkiv: arkiv som er skapt av andre enn eit organ.
Denne bestemmelsen forklarer hva sentrale begreper i arkivloven betyr. Den definerer hva som regnes som arkiv, dokumentasjon og hvordan overføring av arkivmateriale skal forstås.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av5
Nevnt i2
Koblinger for § 2 i arkivlova-2025.