Verkeområde
Lova gjeld for
a) staten, fylkeskommunane og kommunane
b) andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift.
Lova gjeld ikkje for Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget.
Departementet kan gi forskrift om at lova skal gjelde heilt eller delvis for sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2 første ledd første punktum bokstav c eller d, og som ikkje hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.
Kapittel 3 gjeld for dei som eig eller forvaltar privatarkiv.
Lova gjeld i Noreg, medrekna på Svalbard og Jan Mayen. Kongen kan gi forskrift om at lova også skal gjelde på dei norske bilanda i Antarktis.
Arkivloven gjelder for staten, fylkeskommunene og kommunene, samt andre virksomheter som fatter enkeltvedtak eller lager forskrifter. Loven gjelder i hele Norge, inkludert Svalbard og Jan Mayen.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av5
- Arkivforskrifta § 2Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida
- Bevaringsforskrifta § 1Kva forskrifta gjeld, og verkeområdet til dei ulike reglane
- Arkivlova § 9Unntak for særskilde organ
- Arkivlova § 10Forbod mot å overdra eigedomsrett til eller råderett over arkiv
- Arkivlova § 14Avlevering, overføring og deponering av arkiv til langtidsbevaring
Koblinger for § 3 i arkivlova-2025.