Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2. Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida

Arkivforskrifta·Kapittel 1. Forvaltning av dokumentasjon som arkiv

Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida

Når Nasjonalarkivet gir forskrift med heimel i arkivlova § 12 andre ledd andre punktum om kva dokumentasjon som organa skal ta vare på for ettertida, skal Nasjonalarkivet leggje desse kriteria til grunn: a) i kva grad dokumentasjonen viser endringar i samfunnet, medrekna korleis ulike grupper, organisasjonar og verksemder har påverka og har blitt påverka av utviklinga over tid b) i kva grad dokumentasjonen viser endringar i naturen og klimaet over tid c) i kva grad dokumentasjonen viser korleis offentlege organ forvaltar oppgåvene sine og ansvaret sitt, medrekna korleis dei utøver mynde og samhandlar med kvarandre d) i kva grad dokumentasjonen viser korleis dei private rettssubjekta som er omfatta av arkivlova, forvaltar oppgåvene sine, jf. arkivlova § 3 e) om dokumentasjonen kan tene som prov på privatpersonar eller andre private rettssubjekt sine rettar eller plikter i framtida.

Denne bestemmelsen fastsetter hvilke kriterier Nasjonalarkivet skal bruke når de bestemmer hvilken dokumentasjon som skal bevares for ettertiden. Dette gjelder dokumentasjon som viser samfunnsendringer, natur, offentlig forvaltning og private rettigheter.AI

Se ogsåArkivlova § 12Arkivlova § 3referert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1

Koblinger for § 2 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →