Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5. Utsett innsyn

Offentleglova·Kapittel 2. Hovudreglane om innsyn·Sist endret 1. november 2019

Utsett innsyn

Organet kan fastsetje at det i ei bestemt sak først skal vere innsyn frå eit seinare tidspunkt i saksførebuinga enn det som følgjer av §§ 3 og 4, såframt det er grunn til å tru at dei dokumenta som ligg føre, gir eit direkte misvisande bilete av saka, og at innsyn derfor kan skade klare samfunnsmessige eller private interesser. For dokument som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i saker som han vurderer å leggje fram for Stortinget som ledd i den konstitusjonelle kontrollen, gjeld innsyn først når saka er motteken i Stortinget, eller når Riksrevisjonen har varsla vedkommande organ om at saka er ferdigbehandla, jf. riksrevisjonsloven § 7-4 fjerde ledd. Innsyn kan utsetjast for dokument som er utarbeidde av eller til ein revisor for ein kommune eller fylkeskommune, i saker som revisoren skal rapportere til kontrollutvalet, jf. kommuneloven § 24-2 tredje ledd, inntil kontrollutvalet har motteke ein endeleg versjon av dokumentet. For saksdokument som er utarbeidde av eller til EOS-utvalet i saker som utvalet vurderer å leggje fram for Stortinget som ledd i den konstitusjonelle kontrollen, gjeld innsynsretten først når saka er motteken i Stortinget. EOS-utvalet skal varsle vedkomande organ om at det handlar om ei slik sak. Blir ei slik sak ferdigbehandla utan at ho blir oversend Stortinget, gjeld innsynsretten når utvalet har varsla organet om at saka er ferdigbehandla. Dersom vesentlege private eller offentlege omsyn tilseier det, kan innsyn i eit dokument utsetjast til det har komme fram til den det vedkjem, eller hendinga der det skal offentleggjerast, har funne stad.

Offentlige organer kan i visse tilfeller utsette innsyn i dokumenter til et senere tidspunkt. Dette gjelder spesielt hvis tidlig innsyn kan være misvisende eller skade viktige samfunnsmessige eller private interesser.AI

Endret 20. juni 2025 · i kraft 20. juni 2025
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 des 2014 nr. 92 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 19 des 2014 nr. 1731), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879), 18 juni 2021 nr. 124, 20 juni 2025 nr. 51.

Se ogsåOffentleglova § 3Riksrevisjonsloven § 7-4 første leddKommuneloven § 24-2Offentleglova § 4omtalt i 14 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også4
Referert av1
Nevnt i8
Endringshistorikk2

Koblinger for § 5 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →