Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6. Forbod mot forskjellsbehandling

Offentleglova·Kapittel 2. Hovudreglane om innsyn·Sist endret 28. april 2017

Forbod mot forskjellsbehandling

Ved behandling av saker etter lova her eller i andre tilfelle der det blir gitt tilgang til informasjon, er det ikkje høve til noka slags forskjellsbehandling mellom samanliknbare tilfelle eller til å avtale at nokon skal ha einerett på tilgang til informasjon. At ein førespurnad er sett fram av ei offentleg eller offentleg tilknytt verksemd, gir ikkje høve til forskjellsbehandling når formålet med førespurnaden ikkje har samanheng med dei offentlege gjeremåla til verksemda. Forbodet i første ledd er ikkje til hinder for at det kan gjerast avtalar om einerett dersom det er nødvendig for å levere ei teneste i ålmenta si interesse. Det skal gjerast ei ny vurdering av grunngivinga for å gjere slike avtalar kvart tredje år. Avtalar om einerett som blir gjorde i medhald av leddet her, skal vere offentlege. Det kan ikkje gjerast avtalar om einerett til tilgang til informasjon som ålmenta etter føresegner i lov eller forskrift har eit rettskrav på å få innsyn i. Dersom ikkje anna blir fastsett av Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i paragrafen her berre for verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.

Det er forbudt å forskjellsbehandle folk som ber om innsyn i sammenlignbare saker. Man kan som hovedregel ikke avtale at noen skal ha enerett på informasjon, med mindre det er nødvendig for en tjeneste i allmennhetens interesse.AI

Endret 19. juni 2026
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 28 apr 2017 nr. 22 (ikr. 28 apr 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 502). Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 36 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

omtalt i 3 kilderreferert av 4

Sammenheng

Referert av4
Nevnt i3
Endringshistorikk3

Koblinger for § 6 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →