Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Bruk av offentleg informasjon

Offentleglova·Kapittel 2. Hovudreglane om innsyn·Sist endret 28. april 2017

Bruk av offentleg informasjon

Informasjon som det er gitt tilgang til etter lova her eller anna lovgiving som gir ålmenta rett til innsyn i offentleg verksemd, kan brukast til eitkvart formål dersom ikkje anna lovgiving eller retten til ein tredjeperson er til hinder for det. I verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, skal eventuelle standardlisensar om bruk av offentleg informasjon vere tilgjengelege i digitalt format, og dei må kunne behandlast elektronisk. Kongen kan i forskrift fastsetje at det same skal gjelde for verksemder som ikkje er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.

Informasjon som er offentlig tilgjengelig kan som hovedregel brukes til hva som helst. Dette gjelder så lenge det ikke strider mot andre lover eller rettighetene til andre personer.AI

Endret 19. juni 2026
Endringshistorikk (2)
  • 19. juni 2026Dataforvaltningsloven
  • 28. april 2017Endringslov til offentleglova (gjennomføring av endringsdirektivet til vidarebruksdirektivet)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 28 apr 2017 nr. 22 (ikr. 28 apr 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 502). Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 36 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

omtalt i 3 kilderreferert av 4

Sammenheng

Referert av4
Nevnt i3
Endringshistorikk2

Koblinger for § 7 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →