Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8. Hovudregel om gratis innsyn

Offentleglova·Kapittel 2. Hovudreglane om innsyn·Sist endret 28. april 2017

Hovudregel om gratis innsyn

Organet kan berre krevje betaling for innsyn etter denne lova dersom det har heimel i forskrift etter andre eller tredje ledd. Kongen kan gi forskrift om betaling for avskrifter, utskrifter eller kopiar. Betalingssatsane skal vere slik at dei samla inntektene ikkje blir større enn dei faktiske kostnadene ved kopiering og utsending av dokument. Kongen kan gi forskrift om at det kan krevjast betaling for dokument dersom særlege tilhøve ved arten til dokumenta eller verksemda gjer det rimeleg. Betalingssatsane skal fastsetjast slik at dei samla inntektene ikkje blir større enn dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane. For verksemder som fell utanfor lova her, men som er omfatta av anna lovgiving som gir ålmenta innsyn i offentleg verksemd, eller av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, må dei samla inntektene ved informasjonsutlevering ikkje overstige dei faktiske kostnadene ved reproduksjon og formidling av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane. Verksemder som til vanleg krev betaling for informasjon, skal på førehand offentleggjere gjeldande vilkår og faktisk betalingssum, medrekna utrekningsgrunnlaget for betalinga. Slik informasjon skal gjerast tilgjengeleg elektronisk dersom det er mogleg. Dersom ikkje anna blir fastsett av Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i tredje ledd andre punktum og i fjerde og femte ledd berre for verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.

Hovedregelen er at det er gratis å få innsyn i offentlige dokumenter. Det kan i visse tilfeller kreves betaling for kopiering eller ved spesielle forhold, men prisen skal normalt ikke overstige de faktiske kostnadene.AI

Endret 19. juni 2026
Endringshistorikk (2)
  • 19. juni 2026Dataforvaltningsloven
  • 28. april 2017Endringslov til offentleglova (gjennomføring av endringsdirektivet til vidarebruksdirektivet)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 28 apr 2017 nr. 22 (ikr. 28 apr 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 502). Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 36 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

omtalt i 6 kilderreferert av 7

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Referert av7
Nevnt i6
Endringshistorikk2

Koblinger for § 8 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →