Hopp til innhold
Forskrift

§ 4. Betaling for innsyn

Offentlegforskrifta·Sist endret 28. april 2017

Betaling for innsyn

Det kan krevjast betaling for innsyn i form av vanlege avskrifter, utskrifter eller kopiar til papir, og for utsendinga, når talet overstig hundre ark i A4-format i éi sak. I slike tilfelle kan organet krevje éi krone per ark utover hundre og betaling for kostnadene for heile utsendinga (porto). Dersom same person krev innsyn fleire gonger i same sak kan det takast omsyn til det ved vurderinga opp mot grensa etter fyrste punktum, dersom dei dokumenta som det blir kravd innsyn i låg føre da eit tidlegare innsynskrav vart framsett. Det kan vidare krevjast betaling for utskrifter eller kopiar til papir når det gjeld uvanlege format, høgkvalitetskopiar eller liknande dersom kostnadene med dette i vesentleg grad overstig kostnadene ved vanleg kopiering. Det same gjeld ved kopiering til anna lagringsmedium enn papir. Betalinga skal ikkje overstige dei faktiske kostnadene organet blir påført. Det kan ikkje takast omsyn til tida som går med til å behandle innsynskrav, skrive ut eller kopiere dokument og til å sende ut dokument. Det kan ikkje krevjast betaling når dokument som alt er tilgjengeleg i elektronisk versjon blir sendt som elektronisk post. Arkivdepot kan krevje betaling for avskrifter, utskrifter og kopiar til papir av arkivmateriale etter satsar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet. Andre ledd tredje til femte punktum gjeld tilsvarande. Det kan krevjast betaling for informasjon som blir produsert eller tilarbeidd utelukkande for å dekkje eit behov hos eksterne aktørar. Betalingssatsane skal ikkje overstige kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane. Det kan krevjast betaling for geodata (kart mv.) og eigedomsinformasjon. Betalingssatsane skal vere slik at inntektene ikkje overstig dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon. Organ som har utarbeiding og utlevering av geodata eller eigedomsinformasjon som ei hovudoppgåve i si verksemd, kan likevel krevje betaling for informasjon etter fyrste punktum etter slik betalingssats at inntektene tilsvarar dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane. Organ som skal drivast på kommersiell basis, eller som heilt eller dels skal vere sjølvfinansierande, kan ta betaling for informasjon, så langt det er fastsett at betaling for informasjon skal vere ein del av inntektsgrunnlaget til organet. Reglane om betalingssatsar i femte ledd tredje punktum gjeld tilsvarande. Arkiv, bibliotek og museum kan, i tillegg til å krevje betaling som nemnt i andre til femte ledd, krevje betaling for faktiske kostnader til lisensiering og bevaring. Det kan ikkje krevjast betaling for meir enn 20 % av bevaringskostnadene, utanom når behovet for bevaring av dokumentet har oppstått som følgje av ein konkret innsynsførespurnad. Det kan ikkje krevjast betaling for kostnader som gjeld lisensiering eller bevaring meir enn 2 år tilbake i tid. Føresegnene i paragrafen her eller offentleglova § 8 gjeld ikkje høvet til å ta betalt for tenester som går ut over innsynsretten etter offentleglova eller anna lovgiving.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 28 april 2017 nr. 503.

Se ogsåOffentleglova § 8referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 4 i offentlegforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →