Hopp til innhold
Forskrift

§ 1. Unntak frå verkeområdet til offentleglova

Offentlegforskrifta·Sist endret 1. juli 2021

Unntak frå verkeområdet til offentleglova

Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta: a) Norges sjømatråd AS b) SIVA Eigedom Holding AS c) Gassco AS d) NRK Aktivum AS e) Petoro AS f) Posten Noreg AS g) Statkraft SF h) Norsk Tipping AS i) Stiftelsen Norsk Rikstoto. Offentleglova gjeld heller ikkje for: a) sjølvstendige rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stilling b) sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar eller liknande (interesseorganisasjonar). Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos sjølvstendige rettssubjekt: a) dokument som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av repertoar i kulturinstitusjonar b) dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål c) dokument hos arbeidsmarknadsføretak godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar som får bistand frå føretaket d) dokument knytte til sak om kommersiell utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren e) dokument i sak om søknad om finansiering hos Enova SF f) dokument knytte til forvaltning av statens interesser i CO2 -handteringsprosjekt hos Gassnova SF g) dokument i sak om søknad om finansiering hos Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd overfor idéskaparar og oppfinnarar h) dokument i saker om finansiering og investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND) i) dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapet j) dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt som Statnett SF tek del i k) dokument i sak om registrering av domenenamn hos UNINETT Norid AS l) korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet. Bokstavane e, h og k gjeld ikkje for positive avgjerder. Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene i offentleglova § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum, fjerde ledd og femte ledd og § 30 fyrste ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 22 juni 2012 nr. 572 (i kraft 1 juli 2012), 25 juli 2013 nr. 929, 18 juni 2021 nr. 2010 (i kraft 1 juli 2021), 9 des 2022 nr. 2106.

Se ogsåOffentleglova § 6Offentleglova § 7Offentleglova § 8Offentleglova § 30 første ledd

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 1 i offentlegforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →