Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 37. Pakking og merking av analoge arkiv

Arkivforskrifta·Kapittel 6. Avlevering av analoge arkiv frå statlege organ til Nasjonalarkivet

Pakking og merking av analoge arkiv

Analoge arkiv frå statlege organ skal, dersom materialet er eigna til det, leggjast i mapper eller anna omslag som skal påførast relevante opplysningar som saksnummer, arkivkode, emne og årstal. Mappene og anna arkivmateriale skal leggjast i arkivboksar. Dersom analoge arkiv ikkje kan leggjast i arkivboksar, skal dei emballerast på annan tenleg måte. Organet skal samrå seg med Nasjonalarkivet om kva som er tenleg. Boksar, mapper og annan emballasje skal oppfylle krava i ISO 9706:1994 og ISO 16245:2023. Protokollar, boksar og annan emballasje skal merkjast med etikettar. Etikettane skal innehalde a) namnet på organet som har skapt arkivet b) nummeret på protokollen eller boksen c) innhaldet i protokollen og boksen d) tidsperioden som innhaldet i protokollen eller boksen omfattar. Eigenproduserte etikettar skal vere på papir som oppfyller krav i ISO 9706. Etikettane skal festast med eit spesiallim med lang haldbarheit. Nasjonalarkivet kan krevje at etikettar skal vere maskinleselege.

Analoge arkiv fra statlige organer skal pakkes i mapper og bokser som oppfyller bestemte kvalitetskrav. Utstyr og etiketter skal merkes med informasjon om organet, innhold, nummer og tidsperiode.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 37 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →