Forskrift
Nynorsk
§ 48. Forvaltning av dokumentasjon ved flytting av oppgåver mellom forvaltningsnivå eller til private rettssubjekt
Forvaltning av dokumentasjon ved flytting av oppgåver mellom forvaltningsnivå eller til private rettssubjekt
Eit statleg organ har framleis ansvaret for dokumentasjonen som det sjølv har skapt, dersom oppgåvene til organet blir flytta til kommunalt eller fylkeskommunalt nivå eller til eit privat rettssubjekt. Dersom det statlege organet blir lagt ned, overtek det overordna organet ansvaret for dokumentasjonen.
Kommunar og fylkeskommunar har framleis ansvaret for dokumentasjonen som dei sjølve har skapt, dersom oppgåvene deira blir flytta til staten, mellom kommune og fylkeskommune eller til private rettssubjekt.
Nasjonalarkivet kan samtykke til andre løysingar som oppfyller krava i arkivlova § 5.
Offentlige organer beholder ansvaret for dokumentasjonen de selv har laget, selv om oppgavene flyttes til andre nivåer eller private aktører. Hvis et statlig organ legges ned, overtar det overordnede organet ansvaret. Nasjonalarkivet kan godkjenne andre løsninger.AI
Se ogsåArkivlova § 5referert av 1 →
Sammenheng
Se også1
Referert av1
Koblinger for § 48 i arkivforskrifta.