Lov
Nynorsk
§ 11. Vilkår for utførsle og lagring av arkiv utanfor Noreg
Vilkår for utførsle og lagring av arkiv utanfor Noreg
Det er forbode å føre ut av landet dokumentasjon i arkiv som er lagra på fysiske medium.
Forbodet gjeld ikkje
a) for arkivfagleg forsvarleg mellombels bruk til forvaltningsformål eller rettslege formål
b) for arkivfagleg forsvarleg mediekonvertering, konservering eller sikring innanfor EØS-området i avgrensa tidsrom
c) i andre særlege tilfelle når Nasjonalarkivet gir løyve.
Departementet kan gi forskrift om kva vilkår som skal gjelde ved lagring av digitale arkiv utanfor Noreg.
Det er i utgangspunktet forbudt å ta med fysiske arkivdokument ut av Norge. Det finnes unntak for bruk til forvaltning, rettsformål, konservering i EØS eller ved særskilt tillatelse. Departementet kan bestemme regler for lagring av digitale arkiv i utlandet.AI
Noter (1)
- Note 1Paragrafen gjeld frå den tida Kongen fastset. Lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv § 9 innleiingsteksten og bokstav b held fram å gjelde fram til § 11 i denne lova tek til å gjelde iflg. res. 12 des 2025 nr. 2510 .
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 11 i arkivlova-2025.