Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Dokumentasjon av lovpålagde oppgåver som er løyste på vegner av organet

Arkivlova·Kapittel 2. Forvaltninga av dokumentasjon og arkiv

Dokumentasjon av lovpålagde oppgåver som er løyste på vegner av organet

Eit organ som inngår avtale om at eit rettssubjekt som ikkje er omfatta av lova, skal løyse lovpålagde oppgåver på organet sine vegner, skal sørgje for at dei pliktene organet har etter lova, blir følgde opp i oppgåveløysinga. Organet har plikt til å ta imot dokumentasjon som gjeld oppgåveløysinga, når rettssubjektet som har løyst oppgåvene, ikkje lenger treng eller har rettmessig krav til dokumentasjonen. Departementet kan gi forskrift om unntak frå føresegner gitt i eller i medhald av lova for rettssubjekt som løyser oppgåver på vegner av eit organ.

Offentlige organer som lar private aktører utføre lovpålagte oppgaver, må sikre at arkivreglene følges. Organet plikter å ta imot dokumentasjon når den private aktøren ikke lenger trenger den.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i2

Koblinger for § 7 i arkivlova-2025.

Les hele loven i sammenheng →