Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-4. Vågnaden for eigedomen

Avhendingslova·Kapittel 2. Førebuing og gjennomføring av avhendinga m m

Vågnaden for eigedomen

(1) Når vågnaden for eigedomen er gått over på kjøparen, fell ikkje kjøparens plikt til å svare heile kjøpesummen bort ved at eigedomen vert øydelagt eller skada som følgje av ei hending som seljaren ikkje svarer for. (2) Vågnaden går over på kjøparen når kjøparen har overteke bruken av eigedomen. Får seljaren ikkje overlate bruken til fastsett tid, og årsaka ligg hos kjøparen, har kjøparen vågnaden frå det tidspunkt kjøparen kunne ha fått overteke bruken. (3) Har seljaren forsikra eigedomen mot øydelegging eller skade som nemnt i fyrste ledd, har kjøparen retten etter forsikringsavtala dersom eigedomen vert øydelagt eller skadd etter at avhendingsavtala vart bindande, med mindre seljaren kan seie seg løyst frå avhendingsavtala. Seljaren har plikt til å føre over retten etter forsikringsavtala når kjøparen krev det og kjøparen sjølv har oppfylt sine skyldnader etter avhendingsavtala.

Når kjøperen har overtatt eiendommen, er det kjøperen som bærer risikoen for skader som selgeren ikke er ansvarlig for. Dette betyr at kjøperen fortsatt må betale hele kjøpesummen selv om eiendommen blir ødelagt. Selger skal overføre forsikringsrettigheter dersom kjøper krever det.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 2-4 i avhendingslova.

Les hele loven i sammenheng →