Lov
Nynorsk
§ 3-4. Allment om tilhøyrsle
Allment om tilhøyrsle
(1) Så langt ikkje anna følgjer av avtale, skal eigedomen for ikkje å ha ein mangel, ha slike ting og rettar som tilhøyrsle som er nemnt i andre ledd og §§ 3-5 og 3-6. Når det er tvil om noko er tilhøyrsle, skal det leggjast vekt på om det gjeld noko som er uhøveleg å flytte, som er nødvendig til bruk på eigedomen, eller som best kan nyttast der.
(2) Som tilhøyrsle vert mellom anna rekna:
a) Ting som er på eigedomen og som etter lov, forskrift eller anna offentleg vedtak skal vere der.
b) Ting som er kosta med offentlege tilskot særskilt til bruk på eigedomen.
c) Faste tilstellingar som er kosta med midlar som det offentlege har bunde til bruk på eigedomen.
d) Sameigepart, bruksrett, part i sams driftsting og driftstiltak, og medlemskap i samvirkeføretak, når dette ligg til eigedomen.
e) Ikkje-forfalne festeavgifter og andre ikkje-forfalne krav knytt til eigedomen.
Regelen bestemmer hvilke gjenstander og rettigheter som følger med en eiendom ved et salg. Hvis det er usikkerhet, legges det vekt på om tingen er nødvendig for bruk av eiendommen eller om den er upraktisk å flytte.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287), 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).
Se ogsåAvhendingslova § 3-5Avhendingslova § 3-6omtalt i 1 kilde →referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3-4 i avhendingslova.