Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-3. Heving

Avhendingslova·Kapittel 4. Kjøparens krav ved avtalebrot på seljarens side

Heving

(1) Kjøparen kan heve avtala dersom forseinkinga inneber eit vesentleg avtalebrot. (2) Kjøparen kan og heve dersom seljaren ikkje overlet bruken av eigedomen innan ein rimeleg tilleggsfrist som kjøparen fastset. Før tilleggsfristen er ute kan kjøparen ikkje heve, med mindre seljaren har sagt at bruken ikkje vil verte overlate til kjøparen innan fristen. (3) For at kjøparen skal kunne heve etter fyrste eller andre ledd, må eigedomen ikkje ha vorte forringa medan kjøparen har vågnaden. Heving kan likevel skje når årsaka til forringinga er ei tilfeldig hending eller andre omstende kjøparen ikkje har vågnaden for, eller tiltak som er gjorde før kjøparen vart eller burde vorte merksam på det omstende som ligg til grunn for hevinga. Kjøparen taper heller ikkje retten til å heve dersom kjøparen yter seljaren vederlag for verdminken.

Kjøper kan heve avtalen hvis selger er vesentlig forsinket med å overlevere eiendommen. Det er også mulig å heve dersom selger ikke overleverer innen en rimelig tilleggsfrist, forutsatt at eiendommen ikke er blitt forringet mens kjøper hadde den.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 4-3 i avhendingslova.

Les hele loven i sammenheng →