Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-1. Omfanget av skadebota, indirekte tap

Avhendingslova·Kapittel 7. Fellesføresegner om skadebot. Renter·Sist endret 1. januar 2022

Omfanget av skadebota, indirekte tap

(1) Når ein part kan krevje skadebot, skal skadebota svare til det økonomiske tapet parten har hatt som følgje av avtalebrotet. Dette gjeld likevel berre tap som den ansvarlege med rimeleg grunn kunne ha rekna med som ei mogeleg følgje av avtalebrotet. (2) Der lova skil mellom direkte og indirekte tap, vert som indirekte tap rekna: a) Tap som følgje av nedsett eller bortfallen produksjon eller omsetnad. b) Tap som følgje av at eigedomen ikkje kan nyttast i samsvar med føresetnadene. c) Tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med ein tredjeperson fell bort eller ikkje vert rett oppfylt. d) Tap som følgje av skade på anna enn eigedomen sjølv, eller anna enn noko som har nær og direkte samanheng med det eigedomen etter føresetnadene skal brukast til. (3) Føresegna i andre ledd om kva som skal reknast som indirekte tap gjeld ikkje kostnader ved a) vanlege tiltak som kompenserer at eigedomen har ein mangel eller at seljaren ikkje gir frå seg skøyte eller overlet bruken av eigedomen til rett tid, eller b) tiltak som avgrensar anna tap enn det som er nemnt i andre ledd.

Erstatning skal dekke det økonomiske tapet et avtalebrudd har ført til. Dette gjelder kun tap som den ansvarlige kunne forutse. Loven skiller mellom direkte tap og indirekte tap.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).

omtalt i 1 kildereferert av 3

Sammenheng

Referert av3
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7-1 i avhendingslova.

Les hele loven i sammenheng →