Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 24. Prøvetaking og DNA-analyse

Barnelova·Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.·Sist endret 1. januar 2014

Prøvetaking og DNA-analyse

Retten kan gje mora, barnet og kvar mann som er part i saka, pålegg om å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Kommunelækjaren peiker ut ein lækjar som har plikt til å ta dei prøvene som trengst. Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale. Lèt nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til prøvetaking og DNA-analyse, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar for prøvetaking.

Retten kan pålegge mor, barn og menn involvert i en farskapssak å avgi prøver til DNA-analyse. Dette gjelder også for menn som ikke er part i saken, dersom det er grunn til å tro at de kan være faren. Retten kan beslutte at politiet henter personer som ikke følger pålegget.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 11 juni 1993 nr. 83, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).

Se ogsåBarnelova § 11omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 24 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →