Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11. Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten

Barnelova·Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker·Sist endret 1. januar 2014

Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om at dei og barnet skal gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. I særlege tilfelle kan den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal oppmode den mannen som analysen utpeikar som far, til å erklære farskapen. Døyr barnet kort tid etter fødselen eller andre sterke grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet leggje bort saka når mora er samd i det. Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap eller slektskap.

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan kreve forklaringer og DNA-prøver fra mor, barn og potensielle fedre for å fastslå farskap. I visse tilfeller kan saken legges bort, men det er da mulig å ta saken videre til domstolen.AI

Endret 19. juni 2020
Endringshistorikk (5)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 iflg. res. 13 juni 1997 nr. 576), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).

omtalt i 1 kildereferert av 5

Sammenheng

Referert av5
Nevnt i1
Endringshistorikk5

Koblinger for § 11 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →