Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 38. Foreldreansvar etter dødsfall

Barnelova·Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.·Sist endret 1. januar 2019

Foreldreansvar etter dødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 64 b. Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd som nemnt i første stykket andre punktum. Attlevande og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i §§ 64 til 64 d.

Dersom ein av foreldra døyr, overtek den andre som regel foreldreansvaret. Det finst unntak dersom den attlevande er mistenkt for å ha valda dødsfallet. Andre personar kan også krevje å få foreldreansvaret.AI

Endret 21. juni 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 – men slik at endringa ikkje gjeld der den avlidne døydde før 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 36), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 7 apr 2006 nr. 392), 11 mai 2017 nr. 26 (ikr. 1 juni 2017 iflg. res. 11 2017 mai nr. 563), 20 apr 2018 nr. 6 (ikr. 1 jan 2019 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 600).

Se ogsåBarnelova § 64 første leddBarnelova § 64 dBarnelova § 64 bomtalt i 2 kilderreferert av 6

Sammenheng

Se også3
Referert av6
Nevnt i2
Endringshistorikk3

Koblinger for § 38 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →