Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 64 b. Førebels avgjerd om foreldreansvar når ein forelder er sikta eller tiltala for å ha valda den andre forelderen sin død

Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 1. januar 2019

Førebels avgjerd om foreldreansvar når ein forelder er sikta eller tiltala for å ha valda den andre forelderen sin død

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta førebels avgjerd om foreldreansvaret når den får melding om at den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande har eller krev å få foreldreansvaret. Retten treff avgjerda ved orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling på førehand. Så lenge ei førebels avgjerd om å frata foreldreansvaret gjeld, skal den attlevande ikkje ha samvær eller bu fast saman med barnet. Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 20 apr 2018 nr. 6 (ikr. 1 jan 2019 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 600).

Se ogsåBarnelova § 64 første leddreferert av 3

Sammenheng

Se også1
Referert av3

Koblinger for § 64 b i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →