Lov
Nynorsk
§ 64 a. Handsaminga av saken der ingen har foreldreansvar etter dødsfall
Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 1. januar 2021
Handsaminga av saken der ingen har foreldreansvar etter dødsfall
Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvaret når den får melding etter arvelova § 89 andre ledd andre punktum om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn.
Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur om dette.
Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.
Noter (1)
- EndringFøyd til med lov 20 apr 2018 nr. 6 (ikr. 1 jan 2019 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 600), endra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.
Se ogsåArveloven § 89Barnelova § 64 første leddreferert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 64 a i barnelova.