Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 40. Flytting for barnet ut av landet og opphald utanfor landet

Barnelova·Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.·Sist endret 1. juli 2016

Flytting for barnet ut av landet og opphald utanfor landet

Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte ut av landet eller ta opphald utanfor landet utover stuttare utanlandsferder, jf. § 41. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra, til dømes der barnet blir etterlate. Barn som er fylt 12 år, må samtykkje til ei avgjerd etter første og andre stykket dersom barnet flyttar eller tek opphald utan ein forelder med foreldreansvar. Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, flytting med barnet ut av landet, eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

Reglene bestemmer hvem som må være enig når et barn skal flytte til utlandet eller bo der over lengre tid. Hvis foreldrene har foreldreansvaret sammen, må begge godkjenne flyttingen. Barn over 12 år må også samtykke dersom de flytter uten en forelder med foreldreansvar.AI

Endret 4. september 2015
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 43), 4 sep 2015 nr. 85 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 4 mars 2016 nr. 217).

Se ogsåBarnelova § 41omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Nevnt i1
Endringshistorikk3

Koblinger for § 40 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →