Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 41. Utanlandsferd for barnet

Barnelova·Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.·Sist endret 1. juli 2016

Utanlandsferd for barnet

Den som har sams foreldreansvar, kan ta med eller sende barnet på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd for barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu fast saman med, eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord. I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord. Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande. Eit førebels utreiseforbod kan ikkje påklagast. Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise ut av landet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykkje til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet. Barn som er fylt 12 år, må samtykkje i ei avgjerd om å dra på utanlandsferd utan ein forelder med foreldreansvar.

Foreldre med felles foreldreansvar kan ta med barnet på kortere reiser til utlandet. Retten eller politiet kan i visse tilfeller forby barnet å reise ut hvis det er usikkert om barnet kommer tilbake. Barn over 12 år må samtykke til å reise uten en forelder som har foreldreansvaret.AI

Endret 4. september 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 43a), 4 sep 2015 nr. 85 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 4 mars 2016 nr. 217).

omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Referert av2
Nevnt i1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 41 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →