Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 19. (når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova 1 )

Bilansvarslova·Kapittel IV. Trafikktrygding.·Sist endret 1. juli 2022

(når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova 1 )

Om ein trygdeavtale held opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen gi melding til motorvognregisteret om dette. Kjennemerke kan utan vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet. I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg avgift. Trygdaren skal i betalingsvarsel eller oppseiing til trygdetingaren gjera han kjend med kva fylgje det kan få etter første leden i paragrafen her eller etter § 20 første leden bokstav a og b om han ikkje betalar eller leverar inn kjennemerke og vognkort av eige tiltak. Trygdaren er ansvarleg for alle fylgjer av ei skadehending som ber til i trygdetida, såleis og for dei som kjem til syne etter at trygdetida er ute. Reglane i forsikringsavtalelova gjeld for trafikktrygding etter denne lova, så framt ikkje anna er sagt her i lova, eller går fram av samanhengen. Mellom trygdar og trygdetingar skal ei trafikktrygding haldast for ansvarstrygding endå om trygdetingaren sjølv ikkje er ansvarleg. Reglane om foraldring i forsikringsavtalelova § 8-5 og § 8-6 første, andre og fjerde leden gjeld ikkje om skadebot eller attsøkjingskrav etter denne lova.

Hvis en forsikringsavtale opphører, skal Trafikkforsikringsforeningen varsle motorvognregisteret. Kjennemerker kan inndras uten varsel, og det kan kreves avgift for å få dem tilbake. Forsikringsselskapet er ansvarlig for skader som skjedde i forsikringstiden.AI

Endret 18. februar 2022
Endringshistorikk (2)
Noter (2)
  • EndringEndra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 17 des 1976 nr. 100, 16 juni 1989 nr. 69, 26 juni 1998 nr. 46 (ikr. 1 okt 1998 iflg. res. 26 juni 1998 nr. 600), 19 des 2017 nr. 117 (ikr. 1 jan 2018), 18 feb 2022 nr. 5 (i kraft 1 juli 2022 iflg. res. 4 mars 2022 nr. 324).
  • Note 1Inkurie: Skal vel være forsikringsavtaleloven .

Se ogsåBilansvarslova § 20Forsikringsavtaleloven § 8-5Forsikringsavtaleloven § 8-6omtalt i 3 kilderreferert av 5

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også3
Referert av5
Nevnt i3
Endringshistorikk2

Koblinger for § 19 i bilansvarslova.

Les hele loven i sammenheng →