Den handlande skal føre protokoll godkjent av politiet, over alle mottekne ting. Dette gjeld anten tingen er motteken mot vederlag eller ikkje.
Protokollen skal førast kronologisk og skal til ei kvar tid vere à jour. Mottekne ting skal straks påførast eit nummer, med tilsvarande nummer i protokollen.
I protokollen skal det vere særskilde rubrikkar for
a) nummer på tingen
b) dato for når tid tingen er motteken
c) tydeleg merking og forklaring av tingen (medrekna eventuelt identifikasjonsnummer), og kor mange, storleik, mengd og vekt
d) namn og adresse til den personen tingen er motteken frå, og rubrikk for å føre inn kva for legitimasjon som er framvist og merknad om at denne er funnen i orden, jf. § 9 andre ledd.
Politiet kan gjere unntak frå føresegnene i første, andre og tredje ledd.
Politiet kan vidare påleggje bestemte handlande, blant anna handlande som driv handel med visse typar av ting, å ta inn i protokollen opplysningar også om salet (dato, kjøparen sitt namn og adresse, innkjøpspris, omkostningar ved utbetring og salspris, og at kjøpars legitimasjon er lagt fram og funnen i orden).
Forhandlere av brukte gjenstander må føre en politigodkjent protokoll over alt de tar imot, uavhengig av om det er betalt for varen eller ikke. Protokollen skal være oppdatert og inneholde spesifikke opplysninger om tingen og personen som leverer den.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).
Sammenheng
Se også1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 10 i brukthandelforskrifta.