Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 14-8. Bustadene

Burettslagslova·Kapittel 14. Ikraftsetjing. Overgangsreglar

Bustadene

(1) Burett etter kapittel 5 kjem i staden for leigerett etter lov 4. februar 1960 nr. 2 om borettslag § 33, jf. § 34. (2) Sameige i andel som er oppstått før lova her blei sett i kraft, kan halde fram utan hinder av § 5-2. (3) Er bruken overlaten til andre enn andelseigaren før lova her blei sett i kraft, kan bruken halde fram utan hinder av føresegnene i §§ 5-3 til 5-6. (4) Fordeling av vedlikehaldsplikt o.a. som avvik frå §§ 5-12 og 5-17, og som går fram av eldre vedtekter eller leigeavtalar som er allment nytta i laget, gjeld fram til noko anna blir fastsett i vedtektene. Avvikande fordeling som er avtala særleg mellom laget og enkelte andelseigarar, kan berre endrast i samsvar med avtalen. (5) Eldre fordeling av husleige gjeld tilsvarande for felleskostnader utan hinder av § 5-19 til noko anna blir fastsett i samsvar med vilkåra i den paragrafen for endring av fordelinga. (6) Panterett etter § 5-20 første ledd kjem i staden for eldre avtala panterett som laget har for krav etter leigeavtalen, og står elles tilbake for panterett som hadde fått rettsvern mot andelseigarens kreditorar før lova her blei sett i kraft, om ikkje anna følgjer av allmenne prioritetsreglar. (7) Har laget sagt opp leigeretten eller kravt tvangsfråviking før lova her blei sett i kraft, gjeld tidlegare reglar om fristar, søksmål, pålegg om sal og om tvangsfullføring. Sameleis er det dersom andelseigaren har sagt opp leigeretten.

Bestemmelsen fastslår hvordan eldre avtaler og rettigheter i borettslag skal håndteres etter at den nye loven trådte i kraft. Den sikrer at mange tidligere ordninger for bruk, vedlikehold og betaling kan fortsette til nye regler blir vedtatt.AI

Se ogsåBurettslagslova § 5-2Burettslagslova § 5-3Burettslagslova § 5-6Burettslagslova § 5-12

Sammenheng

Se også7

Koblinger for § 14-8 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →