Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-20. Panterett for felleskostnader

Burettslagslova·Kapittel 5. Bustadene·Sist endret 2. desember 2016

Panterett for felleskostnader

(1) For krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå lagsforholdet har laget panterett i andelen framfor alle andre hefte. Pantekravet kan ikkje vere større enn ein sum som svarar til to gonger grunnsummen i folketrygda. Grunnsummen som gjeld på tidspunktet da tvangsdekning blir vedteken gjennomført, skal leggjast til grunn for berekninga. Panteretten omfattar også krav som skulle ha vore betalte etter at det har kome inn eit kravsmål til namsstyresmaktene om tvangsdekning. (2) Panterett etter første ledd har vern utan registrering og kan ikkje registrerast. Føresegna i panteloven § 1-4 gjeld ikkje. (3) Panteretten fell bort dersom det ikkje seinast to år etter at pantekravet skulle ha vore betalt, kjem inn kravsmål til namsstyresmaktene om tvangsdekning, eller dersom dekninga ikkje blir gjennomført utan unødig opphald. (4) Med tilslutning frå dei andelseigarane det gjeld, kan det vedtektsfestast ein meir omfattande panterett mot andelseigarane enn etter første ledd. Slik panterett får vern etter vanlege reglar. (5) Laget kan ikkje stifte panterett i andelen ved avtale ut over det som går fram av paragrafen her.

Borettslaget har en lovfestet pant i boligen for ubetalte felleskostnader som går foran andre krav. Det er en øvre grense for hvor stort dette kravet kan være. Retten faller bort hvis det ikke kreves tvangsinndrivelse innen to år.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 2 des 2016 nr. 86.

Se ogsåPanteloven § 1-4omtalt i 2 kilderreferert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4
Nevnt i2

Koblinger for § 5-20 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →