Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-21. Oppseiing frå andelseigaren

Burettslagslova·Kapittel 5. Bustadene·Sist endret 1. januar 2011

Oppseiing frå andelseigaren

(1) Andelseigaren kan seie opp buretten med ein frist på minst seks månader. Andelseigaren svarar for felleskostnader for tida fram til buretten er fallen bort, om ikkje ein ny andelseigar har teke over ansvaret før. (2) Har andelseigaren ikkje gitt frå seg buretten når fristen er ute, og andelen ikkje er avhenda, fell oppseiinga bort. (3) Står oppseiinga ved lag, og andelen ikkje er avhenda innan fristen, kan laget krevje andelen seld etter § 4-8 andre ledd. Varsel etter tvangsfullbyrdelsesloven § 4-18 trengst ikkje. Tvangssal av andelen skal haldast som tvangsauksjon etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 11, om ikkje burettslaget krev sal ved medhjelpar. (4) Krav på dekning av felleskostnader som fell på andelen, er omfatta av panteretten etter § 5-20 utan omsyn til om andelseigaren heftar for kravet.

En andelseier kan si opp boretten med en frist på minst seks måneder. Eieren må betale felleskostnader frem til boretten opphører eller en ny eier tar over. Hvis boligen ikke er solgt eller fraflyttet innen fristen, kan borettslaget kreve tvangssalg.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1238).

Se ogsåBurettslagslova § 4-8Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-18Burettslagslova § 5-20omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også3
Referert av1
Nevnt i2

Koblinger for § 5-21 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →