Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-8. Pålegg om sal

Burettslagslova·Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.

Pålegg om sal

(1) Er ein andel erverva i strid med § 4-1 eller vedtektsføresegn etter § 4-4, kan laget påleggje ervervaren å selje andelen. Pålegget skal vere gitt skriftleg og opplyse om at andelen kan krevjast tvangsseld om pålegget ikkje er etterkome innan ein frist som ikkje skal vere kortare enn tre månader. (2) Er pålegget ikkje etterkome innan fristen, kan andelen krevjast seld gjennom namsstyresmaktene etter reglane om tvangssal så langt dei passar. Tvangsfullbyrdelsesloven §§ 4-18 og 4-19 gjeld tilsvarande. Dersom det innan fristen etter tvangsfullbyrdelsesloven § 11-7 første ledd blir reist innvendingar mot tvangssalet som ikkje er klart grunnlause, skal kravsmålet om tvangssal ikkje takast til følgje utan behandling i søksmåls former. Føresegnene i tvangsfullbyrdelsesloven § 11-20 om det minste bodet som kan stadfestast, gjeld ikkje ved tvangssal etter paragrafen her. (3) Føresegnene i første og andre leddet gjeld tilsvarande der ein andelseigar ikkje lenger har rett til å eige andelen etter § 4-2 andre ledd eller på grunn av omstende som nemnde i § 4-7.

Borettslaget kan pålegge en eier å selge andelen hvis den ble kjøpt i strid med reglene eller vedtektene, eller hvis eieren har mistet retten til å eie andelen. Dersom salget ikke skjer innen fristen, kan borettslaget kreve tvangssalg gjennom namsmyndighetene.AI

Se ogsåBurettslagslova § 4-1Burettslagslova § 4-4Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-18Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-19omtalt i 1 kildereferert av 6

Sammenheng

Se også8
Referert av6
Nevnt i1

Koblinger for § 4-8 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →