Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-11. Sikring og betaling

Burettslagslova·Kapittel 2. Stifting av burettslag. Innskot. Avtalar med utbyggjar o.a.

Sikring og betaling

(1) Dei samla innskota skal sikrast med pant i dei faste eigedommane laget har, med prioritet bak fellesgjeld som nemnd i byggje- og finansieringsplanen, og i tilfelle bak lån som blir tekne opp med samtykke etter § 8-9 nr. 4. Panteretten skal tinglysast med fellesskapen av innskytarar som panthavar. Styret kan disponere som panthavar på vegner av innskytarane. (2) Laget kan ikkje ta mot innskot frå andre enn andelseigarar. Innskota kan ikkje krevjast inn før panteretten er tinglyst med rett prioritet. Er innskotet eller delar av det ikkje betalt innan fjorten dagar etter at andelseigaren har teke mot påkrav som er sendt på eller etter forfallsdagen, kan laget påleggje andelseigaren å selje andelen innan ein frist som ikkje kan setjast kortare enn tre månader frå pålegget er motteke. Føresegnene i § 4-8 gjeld tilsvarande.

Innskudd til borettslaget skal sikres med pant i eiendommene. Borettslaget kan bare motta innskudd fra andelseiere, og pengene kan ikke kreves inn før pantet er tinglyst. Ved manglende betaling kan borettslaget kreve at andelen selges.AI

Se ogsåBurettslagslova § 8-9Burettslagslova § 4-8referert av 2

Sammenheng

Se også2
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 2-11 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →